Av Ingeborg Eliassen og Mother Theatre
Onsdag 5.november kl 18.00
Kjærligheten fikk disse seks kvinnene til Norge. Virkeligheten er blitt teater
Mange kvinner har teke denne reisa. Kvinner som grunna kjærleik har bestemt seg for å flytte til Noreg. Dronning Maud er ein av dei mest kjente, sidan den gongen har drøssevis av kvinner følgt i hennar fotspor.
Til Noreg der kjærleik ventar vart vist første gongen i fjor, og i vår blir det høve til eit gjensyn med dei seks modige kvinnene frå Kongo, Armenia, India, Tyrkia, Filipinane, og Argentina. I denne teaterframsyninga fortel dei sine personlege historier om kvifor dei valde å reise frå heimane sine, familiane sine og venene sine, kulturen, religionen og varmen.
Damene i Til Noreg der kjærleik ventar deler raust sine erfaringar med publikum i ei varm framsyning fylt av musikk, dans, humor og blodig alvor. Vi blir tatt med bak det tabloide bildet som ofte blir teikna av utanlandske kvinner i media. Vi får lytte til menneske som har reist langt, som har kome til Noreg, berande på ein draum om eit lykkeleg liv og eit håp om ei lys framtid saman med den dei elskar. Dei har med seg sin kultur og identitet, og har viktige historier å fortelje - historier som kanskje kan endre synet vårt på våre medmenneske.
Kvinnene sine historier har blitt sydd saman til eit manus av dramatikar Ingeborg Eliassen.
Cliff Moustache, kunstnarleg leiar i Nordic Black Theatre, har regien. Han er ein autoritet innan kulturelt mangfaldsarbeid og har lenge fremmja innvandrarar som ressurspersonar. Han meiner at kjærleik, som er essensen i stykket, gjev situasjonar som vil hjelpe oss til å forstå det skjøre, det sårbare og det inderlig vakre i relasjonar mellom menneske frå to forskjellige kulturaar.
Med: Kavitha Aske, Elvira Michaeli, Dilek Carelius, Aina Gnoutou Schjørlien, Veronica Salinas, Mara HB Acantalicio, Marius Leknes Snekkevåg, Øyvind Rauset (fele) og Aliou Cissoko (kora)
Prosjektet er eit kunstnarleg samarbeid mellom Det Norske Teatret, Noregs Ungdomslag, Mother Theatre og Nordic Black Theatre.